Kommunepsykolog i Herøy Ivar Ørstavik:

– Vi skulle hatt fastpsykologar

Kommunepsykolog Ivar Ørstavik har hatt besøk av over 1.800 herøyværingar sidan 2007. I samband med Verdsdagen for psykisk helse kjem han med ei oppmoding: – Ver snill med deg sjølv og andre.

Kommunepsykolog Ivar Ørstavik: – Vi skulle hatt psykologar slik som vi har fastlegar. Det kunne vore med på å alminneleggjere psykisk helse og samtidig hjelpt mange.   Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

– Du skal få sitje i godstolen i dag. Det har ingen fått gjere under pandemien, men no som vi har opna opp att er det godt å kunne gje dei som kjem innom den stolen, seier Ivar Ørstavik i det vi kjem inn døra.