"Selfangstdronninga" Else Karlsen er ny æresmedlem i Fosnavåg Shippingklubb:

– Else er ein attraksjon i seg sjølv

Ektemannen Peter meinte at ei bondetaus frå Telemark ikkje hadde noko å gjere med skuter og båtar, sildoljefabrikk og selmottak, og slik vart det heilt til i 1972 då han vart sjuk. Då gjekk Else "all in".

Æresmedlem: Else Karlsen fekk overrekt blomar og statuett av visepresident i Shippingklubben, Silje Smådal.  Foto: Fosnavåg Shippingklubb

Nyhende

Visepresident i Shippingklubben, Silje Smådal, tildelte statuett og blomster medan ein annan brandøling, Johannes Alme, fortalte om bakgrunnen til Else Karlsen. Han sa at han har stor respekt for Else Karlsen og at det var ei glede og ei stor ære å få prate om denne heidersdama.