Minnesmerket over omkomne på havet

Etter oppmoding frå ein fiskar i Herøy gjorde Herøy sogelag i 1981 opptaket til reising av eit minnesmerke over omkomne på havet frå Herøy dei siste hundre år.

Minnesmerke: Namna til dei 200 herøyværingane som omkom på havet frå 1880 til 1980, står på namneplata. Ingen var nærare til å halde avdukingstalen enn dåverande ordførar Charles Remø. Han kjende havet og fiskarlivet betre enn dei fleste. Redningsselskapet sin Olav Loe stod æresvakt under avdukingsseremonien. Han var maskinist om bord i redningsskøyta «Olav V», som denne dagen låg ved kai på Herøy. I bakgrunnen ser vi lokalhistorikaren Bjarne Rabben som var ein av dei viktigaste pådrivarane i arbeidet med å få reist minnesmerket.  Foto: Harald Thorseth

Ei trøyst i sorga for dei som miste sine på havet, var det når dei omkomne fanst att. Då hadde dei iallfall ei grav å gå til.

Nyhende

Sogelaget bad Inge Remøy, som då var styremedlem i laget, om å ta kontakt med fiskarlaga i Herøy om dette. Han vart formann for den arbeidsnemnda som dei valde, éin medlem frå kvart fiskarlag.