Formannskapet i Sande: Bru på vanylvssida i staden?

Sande formannskap er skeptisk til bandlegging av industriareal i Breivika.

Einar Ekroll (Frp) var ein av dei som uttrykte skepsis til planendringa.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/arkiv

Nyhende

Dei nye planane for Rovdefjordsambandet legg føringar for etablering av høgbru frå Saudeholmen over til Storneset og Gurskøya. Det vil legge beslag på ein del av industriområdet til Breivik Eigedomsselskap. Næringsinteressantane i området har protestert på planane om høgbru. No følgjer Sande formannskap opp.