Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen uroa:

– Vi har ikkje flokkimmunitet blant dei unge vaksne!

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen er uroa for vaksinasjonsgraden i gruppa 25–44 år i Herøy og Sande. I Herøy ligg vi åtte prosentpoeng under landsgjennomsnittet for denne gruppa.

Uroa over vaksinasjonsgrada: Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen (t.h.) er uroa over at mange mellom 25–44 år ikkje er vaksinerte. – Eg ynskjer at vi som fellesskap skal gjere alt vi kan for at vi skal unngå ein pandemi, seier han. Kommunikasjonssjef Iselin Øvrelid (t.v.) fortel at det ikkje er for seint å ta vaksine. – Du kan sjølv bestille time, eller møte opp på drop-in-tilbodet. Vi vaksinerer måndagar som vanleg.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Når vi også veit at situasjonen er lik i nokre av våre nabokommunar, så aukar det risikoen for utbrot av smitte. At fleire i denne aldersgruppa vaksinerer seg er det einaste som kan hindre dette, understrekar Aasen.