Næringsstøtte til Mat på Larsnes AS

Mat på Larsnes AS er av NTM-utvalet i Sande kommune gitt tilsegn på 40.000 kroner i tilskot frå næringsfondet.

Sande kommune  Foto: VN

Nyhende

Søknaden frå eigarselskapet bak Joker-butikken er retta mot opprusting av butikklokala med tanke på etablering av eit betre kjølesystem for ferskvare, frukt og grønt. Kvalitetstiltaket kjem for å stå imot konkurransen frå dei store daglegvarekjedene i regionen.