Fryktar start på nytt utbrot i Herøy

To personar i Herøy har testa positivt for Covid-19 torsdag. TIlfella har direkte samanheng med det pågåande utbrotet i Sande.

Covid-19  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Herøy kommune melde først om eitt smittetilfelle torsdag føremiddag. Som eit ledd i smittesporinga, vert det teke ni nye PCR-testar same dag.

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen uttala i ei pressemelding at han var uroleg for at dette kunne vere starten på eit utbrot i Herøy.

- Vi har relativt låg vaksinasjonsdekning i aldersgruppa 25 - 44 år. Dei uvaksinerte er mest utsette for smitte, dei har ein større risiko for å utvikle alvorleg sjukdom, og for å bringe smitten vidare til uvaksinerte barn/unge og dei som har dårlegare vern fordi dei er i behandling som svekkar immunforsvaret, sa han.

Utpå ettermiddagen kom det melding om nok eit smittetilfelle.

- Smittesporing er gjennomført, og situasjonen avklara, opplyser kommuneoverlegen.

Fullført vaksinasjon hjå dei personane det gjeld har redusert spreiing av smitten til andre, og har gjort at personen det gjeld har fått berre svake symptom, seier kommuneoverlegen til slutt.