70 smitta: Massetesting gir leiinga oversikt over situasjonen

Smitteutbrotet ved Myklebust Verft var torsdag kome opp i 70 registrerte smitta. Rundt ein tredjedel av desse er bedrifta sine eigne tilsette, resten tilsete ved underleverandørar.

Covid-19: Leiinga ved Myklebust Verft har hatt smitteutbrotet som høgt prioritet saksfelt sidan utbrotet for snart to veker sidan. F.v. dagleg leiar Inge-Jonny Hide, HMS-leiar Torben Sa*ndvik og HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker. Foto: Myklebust Verft  Foto: Myklebust Verft

Nyhende

Det er eit omfattande testregime som har vore sett i sving på verftet sidan starten på utbrotet for to veker sidan. Kvar enkelt arbeidar vert no testa kvar einaste dag, kan dagleg leiar Inge-Jonny Hide fortelje.