Orienterte formannskapet i Herøy om stoda for ambulant seksjon:

– Felles politisk press er vegen å gå

Elisabeth Kirkholm, plasstillitsvalt ved ambulant seksjon i Myrvåg for Fagforbundet, kunne tysdag orientere Herøy formannskap om stoda i samlokaliseringssaka. Ho bad politikarane presse på politisk for å bevare tilbodet – for det er no det må skje.

Eli­sa­beth Kirk­holm: Plass­til­lits­valt ved am­bu­lant sek­sjon i Myr­våg fekk man­ge spørs­mål då ho ori­en­ter­te lo­kal­po­li­ti­ka­ra­ne i Her­øy om sam­lo­ka­li­se­rings­pla­na­ne. Ho ber no po­li­ti­ka­ra­ne pres­se på for å be­va­re til­bo­det.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ei eventuell flytting vil påverke brukarane våre i stor grad.

Linn Therese Sævik
Nyhende

Innleiingsvis gav Kirkholm ei god innføring i ansvarsområda til seksjonen og korleis ein jobbar i kvardagen – noko ho og dei tilsette også gjorde i førre fredagsutgåve av Vestlandsnytt. Elisabeth vart elles utfordra av politikarane til å gjere greie for kvar ein no står i prosessen. Kirkholm kunne då opplyse at dei tilsette ved Myrvåg no ser saka som over, i alle fall frå deira side.