Fem lokalmuseum på Sunnmøre, inkludert Herøy Gard, konsoliderer:

- Ser det som sjølvsagt at fylket ved politikarane og kulturadministrasjonen vil bidra med hjelp og støtte

Interimsstyret for samling av lokalmusea på Sunnmøre er i gang med å utarbeide rammer og regelverk for ei felles museumsoverbygning for drift, økonomi og personalforvaltning.

Herøy gard.: Herøy Kystmuseum på Herøy Gard er eit av fem lokalmuseeum som no ønskjer å konsolidere seg.   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Eit samrøystes interimsstyre tilrår no at fem lokalmuseum på Sunnmøre, Aalesunds Museum, Godøy Kystmuseum, Herøy Kystmuseum, Volda sogelag sine museumssamlingar og museumsgarden Ytste Skotet, går inn i eit konsolidert museumsfellesskap som skal driftast etter ein desentralisert modell. Dei fem er museum som ikkje har ønskja å vere med på Viti (tidlegare Sunnmøre Museum).