Klare for sjette utgåve av Fosnavågrevyen:

«Ei båtlengd føre, men ei brulengd bak»

Det er tittelen når det lokale nyheitsbiletet nok ein gong skal under lupa til humoristane i Fosnavågrevyen. I slutten av oktober satsar dei på stinn brakke på Fosnavåg konserthus.

Lokale nyheiter: Det er inspirasjonen til dei aller fleste sketsjane som vert framført i Fosnavågrevyen. Her ser vi gjengen i sving med innspeling på Mjølstadneset. Det er vel nærliggande å tru at det er den mykje omtala kai-saka som det her vert tøysa med. F.v: Frode Ryssevik, Elias Warholm Nærø, Siv Anita Hermansen, Mona Ryssevik Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, Gunn Nerland og Torstein Ingebrigtsen. Alle foto: Fosnavågrevyen 

Ja, då revyen hamna på oppløpssida av året så gjer vi som Cash & Carry og Europris – snikstartar på jula.

Mona Ryssevik
Nyhende

– Sett vekk frå utfordringar med å få øve på normalt vis har vi gått fram etter liknande oppskrift som før. Folk vil kjenne igjen karakterar og konsept frå tidlegare revyar, samstundes som vi heile tida prøver å utvikle oss.