Myklebust Verft-utbrotet veks i omfang

Smitteutbrotet med utgangspunkt på Myklebust Verft aukar i omfang. Tysdag orienterte kommunedirektøren formannskapet om stoda.

Orientering: Kommunedirektør Anders Hammer kunne tysdag ettermiddag fortelje at kommunen fortløpane vurderer situasjonen, eventuelt også om det er behov for ei lokal forskrift.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

- All smitte, kanskje med berre eitt unntak, er knytt til det same miljøet, nemleg verftsområdet til Myklebust Verft, sa kommunedirektør Anders Hammer til dei folkevalde.