Øyane med samla båtkrav til formannskapet:

Avslag vil bli dramatisk

Kvamsøy bygde- og næringslag får full støtte frå Sandsøy og Voksa grendelag i beredskapsbåtkravet til kommunen.

Ambulanse- og pendlarbåt: Grendalaga på øyane står samla bak kravet til Sande formannskap om å gjere eit vedtak som sikrar avtalar for ei pendlarrute også i framtida. 

Vår bekymring er at vi vil sitje att med ein rein ambulansebåt, som ikkje tek høgde for den viktige pendlardelen

Asbjørn Støylen
Nyhende

– Vi stiller oss hundre prosent bak Kvamsøy bygde- og næringslag sine bekymringar i denne saka, og også kravet om ei fornuftig sakshandsaming for å støtte opp om næringslivet og arbeidsreisande, og sikre pendlarruta mellom øyane og Larsnes også i framtida.