Fredag ettermiddag:

Ni nye smittetilfelle i Sande

Fredag ettermiddag melder Sande kommune på sine heimesider om ni nye smittetilfelle i kommunen. Det gjer at det sidan utbrotet starta førre veke er meldt om til saman 25 smitta personar i kommunen.

Mange smitta: Til saman har 25 personar i Sande fått påvist smitte sidan førre veke. Mange fleire er testa.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Fredag ettermiddag melder Sande kommune om ni nye smitta i Sande.

Til saman er 25 personar stadfesta smitta i kommunen sidan utbrotet starta førre veke.


25 smitta sidan førre fredag:

Dette seier verfts- og kommuneleiinga om utbrotet

Sidan førre fredag har til saman 25 personar blitt bekrefta smitta av covid-19 i Sande. Utbrotet er knytt til Myklebust Verft i Gursken.


- Kommuneoverlegen melder om at tilsaman 25 personar - inkludert tidlegare melde den siste veka - er stadfesta smitta etter PCR- test i samband med eit utbrot ved ei bedrift og underleverandørar til denne bedrifta i Sande, skriv kommunen.

Smittekjelda kjend - inga lokal føreskrift

Smittekjelda er dei tidlegare melde tilfella denne veka.

- Omfattande testing held fram. I gruppa med smitta er det både vaksinerte og uvaksinerte - dei fleste har lite symptom. Ingen er alvorleg sjuke.

Kommuneoverlegen har tett samarbeid med dei som er involverte i situasjonen og ein har kontroll over situasjonen så langt. Ingen lokal føreskrift er innført, står det i meldinga.

- Følg dei generelle råda

Kommunen oppmodar alle om å følgje dei generelle råda om å vaske hender, vere heime om ein er sjuk og teste seg ved symptom.