Fullsett kyrkjerom på Larsnes søndag:

Eventyrleg ønskekonsert - utan koronarestriksjonar

Sunnmøre kristelege mannskor har i ein mannsalder gleda folk over heile landet med sin mektige korsong. Denne helga; den første utan koronarestriksjonar, la dei vegen til Larsnes kyrkje, og publikum kvitterte med fullt hus!

Stappfullt i kyrkja på Larsnes: Folk kunne endeleg samlast utan koronarestriksjonar, og mange la vegen til Larsnes kyrkje. Fullt hus!   Foto: Robert Skeide

Nyhende

Men det var ikke berre koret som lokka publikum: Kjartan Oksavik, som er i sitt niognittiande år, var hovudgjest som levande tidsvitne frå siste verdskrig.