Må gjere HMS-tiltak på blå avdeling: Kjem som hastesak

Helse og omsorgssektoren i Herøy har bede om tiltak for å betre tryggleiken for dei tilsette ved blå avdeling på Herøy sjukeheim.

Myklebust: Robert Myklebust orienterte formannskapet i Herøy om fleire forslag til investeringar som politikarane må ta stilling til i budsjettprosessen dei no er inne i. 

Nyhende

– Der er no enkeltpasientar som rett og slett utgjer ein fare for dei tilsette. Dei er aggressive og gjer skader på bygget. Vi har fleire avviksmeldingar frå avdelinga, sa eigedomsleiar Robert Myklebust om då han tysdag orientere formannskapet om ulike investeringstiltak som må til i Herøy framover.