Ordførar Bjørn Prytz om fordeling av vidaregåande skuletilbod på Ytre Søre:

- Ulstein-tilbod må til Herøy

Herøy ber om at yrkeslinjer ved Ulstein vidaregåande skule blir flytta til Herøy.

Herøy vidaregåande skule: Må få overført yrkesfaglege tilbod som i dag er lokaliserte til Ulstein, meiner ordførar Bjørn Prytz.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det kjem fram av Herøy kommune si tilråding til strategi for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylke. I høyringssvaret, som er skrive av ordørar Bjørn Prytz, ber Herøy kommune både om å få oppretta nye tilbod, samt få overført eksisterande tilbod som i dag er ved skulen i Ulstein.