Kommunestyret i Herøy snur i kaisaka på Mjølstadneset:

Oppfinansierer og vil deretter fri til næringslivet

Herøy kommunestyre vedtok onsdag kveld at kommunen skal oppfinansiere austre og midtre kai på Mjølstadneset. Dei vil i tillegg vurdere moglegheita for at kaier på Mjølstadneset skal driftast, byggast og eigast som eit offentleg-privat samarbeid (OPS).

Kaidiskusjon: Kommunestyret samla seg onsdag for å handsame kaisaka på nytt, denne gangen sat fleire næringslivsaktørar på tilhøyrarbenken. 

Nyhende

Herøy kommunestyre møttest onsdag kveld til eit ekstraordinært kommunestyre for å behandle oppfinanisiering av 17,5 millionar ekstra for austre og midtre kai på Mjølstadneset, igjen. Møtet vart kalla inn etter at 11 representantar kravde saka sett på sakskartet igjen i lys av reaksjonar frå næringslivet på kommunestyrets førre vedtak i saka, og dessutan informasjon om korleis ulike aktørar på Mjølstadneset ynskjer å satse.