Avskilsgudsteneste for Bjørn Leinebø:

Takka av for lang og solid presteteneste

AVSKIL: Desse fire hadde oppgåver under avskilsgudstenesta. Frå venstre prost Ingeborg Martre, avtroppande sokneprest Bjørn Leinebø, klokkar Johanne Leinebø og fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås. 

Nyhende

Innsendt: Koronapandemien har hindra kyrkjelydane i å få takke han av på høveleg vis. Søndag 12.september vart det endeleg høve til festgudsteneste med full kyrkje og stor kyrkjekaffi etterpå.

Preika: Johanne og Bjørn Leinebø heldt preika i lag. 

Liturgar på festgudstenesta var Bjørn Leinebø og fung. sokneprest Solfrid Leinebø Seljås. Prost for Søre Sunnmøre prosti, Ingeborg Matre, tok også del i gudstenesta, og lyste velsigninga til slutt. Ho bar fram ein takk til Bjørn Leinebø på vegne av prostiet og Møre-biskop Ingeborg Midttømme. Rune Paulsen på trompet og kornett saman med kantor Dag Johan Flattun på orgel gjorde dagen til ein skikkeleg fest med nydeleg musikk!

MUSIKK: Rune Paulsen på trompet/ kornett, organisten som spelar på orgelet og forsongarane frå kyrkjekoret i dei raude kappene sine. 



Under nattverden fekk den store forsamlinga mellom anna lytte til Nils Larsens: Hymne (Fadervår). Kyrkjekoret stilte med mange forsongarar som løfta allsongen på salmane og liturgien. Forbøna vart leia av diakon Ragnhild Danbolt Øygard saman med Martin Endresen og Monica Sætre på vegne av sokna.

FRIKYRKJA: Jan Magne Goksøyr takka Bjørn Leinebø på vegne av Frikyrkja, for det gode samarbeidet som Frikyrkja har hatt med Bjørn Leinebø i hans prestetid i Herøy. 

Bjørn og Johanne Leinebø hadde ei tankevekkande dialogpreike over preiketeksta frå Matteus evangelium kapittel 5, vers 10-12. Dei sa mellom anna at «vi er heldig i Norge for her er det trusfridom. I mange land i verda er det mange som blir fengsla for trua si. I Norge kan vi fritt samlast til gudsteneste, og det må vi vere takksame for. Det er viktig å møtast i kyrkje- og forsamlingshus og halde ryktet om Gud og Jesus levande for nye generasjonar».

Bjørn Leinebø: Etter kaffi og kaker og fleire helsingar, så fekk Bjørn Leinebø ordet og takka for alle helsingane han hadde fått. 

Det siste vart veldig konkret, fordi 3 born vart borne til dåpen i denne gudstenesta. Etter at vi hadde sunge dåpssalmen fekk alle borna som ville det kome fram for å opne ei skattekiste som sto framfor altaret, og så gjekk borna vidare til eige barneprogram på søndagsskulen i tilstøytande rom medan gudstenesta fortsatte i kyrkjerommet.

Om du ikkje hadde høve til å vere i kyrkja på søndag for å takke av Bjørn, så kan du søke opp gudstenesta på facebook «Herøy kyrkje» og på kyrkjas heimeside. Gudstenesta vert liggande der ei tid framover.

PROSTITAKK: Prost Ingeborg Martre helste frå prostiet og frå biskopen til den avtroppande soknepresten Bjørn Leinebø. Forsongarar frå kyrkjekoret sit i bakgrunnen. 

Etter gudstenesta var det stor kyrkjekaffi med kaker der den avtroppande soknepresten Bjørn Leinebø fekk velfortent takk og heider frå mange, både privatpersonar og på vegne av dei tre sokneråda og Frikyrkja. Mange i Herøy takkar Bjørn for lyttande øyre og gode ord både i sorg og i glede, og ynskjer han ei god pensjonisttid.

SOKNERÅDSTAKK: Sissel Remøyholm er leiar for Herøy sokneråd. Ho takka Bjørn Leinebø for hans gode presteteneste på vegne av alle dei tre sokneråda i Herøy: Leikanger, Indre Herøy og Herøy sokn, og overrekte blomster. Frå venstre: Sissel Remøyholm, Ellen Sundnes Kvalsund og Monica Sætre. 

SØNDAGSSKULEN: Bjørn Leinebø saman med borna som opna skattekista før dei gjekk til eige søndagsskuleprogram i tilstøytande rom i kyrkja. 

KYRKJETORGET: Folk møtte fram frå alle dei tre sokna i Herøy. Kyrkja var nær på fullsett, og det vart dekka i både kyrkjelydssalen og på kyrkjetorget. Kaker og kaffi vart servert frå fleire stasjonar. Her ser vi frå venstre Annfrid Aurvåg og Anne Djupvik på kyrkjetorget.