Stortingsvalet 2021:

Slik ser den nye Mørebenken ut

Framstegspartiet fekk flest stemmer i Møre og Romsdal, men samla tok den nye Mørebenken nokre steg mot venstre under årets Stortingsval. Her kan du sjå kven som skal tale fylket si sak dei komande åra.

Frank Sve frå FrP: Ny på Mørebenken.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Årets kamp i Møre og Romsdal stod mellom dei fire størsta partia i fylket. Med eitt mandat mindre å kjempe om enn ved førre val, var det knytta ekstra stor spaning til korleis fordelinga av dei sju direktemandata ville bli.