Kvalsvik tordnar: – Er det slik vi vil drive politikk?

I lys av at kaisaka på Mjølstadneset er sett opp igjen på sakskartet til Herøy kommunestyre, i eit ekstraordinært møte onsdag, meiner varaordførar Bjarne Kvalsvik det er på tide å stille eit prinsipielt spørsmål om Herøy-politikken.

Bjarne Kvalsvik: Varaordføraren meiner politiske omkampar slik vi har sett i saka om Fosnavåg hamn og no i kaisaka på Mjølstadneset peiker seg ut som ein ny presedens lokalt. Er ein ikkje varsame og meir bastante meiner han at ein fort kan hamne i ein evig rundans av «omkampar».   Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Er det slik vi vil drive politikk? Dette er ikkje fyrste omkampen vi køyrar på ei sak. Skal det vere slik framover at om ein ikkje klarer å få fleirtal i ei sak, så er det berre å køyre omkamp? Eg er svært kritisk til den presedensen vi no er i ferd med å legge opp til i vårt lokaldemokrati.