Stortingsvalet 2021:

Strøymde til valurnene i Herøy og Sande

Då Vestlandsnytt var innom røystelokala i Fosnavåg og på Larsnes måndag, var det jamn og stor tilstrøyming av veljarar. Også førehandsrøystinga var det stor oppslutnad rundt i år.

Val 2021: Andrea Barstad Fenre (29) gir si stemme på Larsnes. Nokre av valfunksjonærar er f.v. Kari Grønnevik, Ragnhild Helle Dalen, Anne Marta Torset og Hanne Kjellstadli Johansen.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Eg er relativt ny tilflyttar til Sande, og har stemt her før. Det er klart ein må gjere borgarplikta si, sa veljar Andrea Barstad Fenre til Vestlandsnytt etter at ho hadde lagt setelen i valurna.