Status på smittesituasjonen i Herøy og Sande

Det er registrert tre nye smittetilfelle i våre kommunar sidan vår førre status torsdag ettermiddag.

Korona: Det har vore nokre smittetilfelle denne veka også,. 

Nyhende

Samtlege tre er lokaliserte i Herøy.

Torsdag kveld kunne kommunen opplyse at to personar som er busette i Herøy har testa positivt for covid-19.


Alvorleg koronasjuk i lang tid - no fortel ho korleis det var:

Alvhild låg 39 døgn på respirator

Ho låg kritisk koronasjuk, kopla til respirator, i 39 døgn. Heilt sidan mars har Alvhild Kvamme Iversen kjempa mot sjukdomen. No er ho endeleg heime igjen.


- Smittekjelda er kjent og det er ikkje avdekka nokon nærkontaktar, heitte det til den saka.

Fredag 10. september vart det kjent at endå ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19.

- Smittesporinga har avdekt to nærkontaktar som er sett i karantene, opplyser kommunen.

Vanylvsutbrotet

Elles ser det ut til at det store utbrotet i Vanylven kan vere stoppa. Det har vore nokre få nye smittetilfelle utover i veka, slik at totalen no har kome opp i 59. Nokre av desse er no på veg ut av isolasjon.

Det er ikkje meldt om alvorleg sjuke ved utbrotet i Vanylven, som hadde utspring frå bedrifta Hofseth AS i Syvde.

I Norge generelt ser det ut som smittetala no er litt på veg nedover igjen, etter at landet nyleg opplevde rekordmange nye smitta.