"Tida går" (Harald Thorseth):

NYTT STADION OG LITT «PIT»-SHOW

Hausten 1975 var det offisiell opning av Bergsøy stadion.

I TILLØPET: «Pit» var i fleire tiår ein av dei største fargeklattane i idrettsmiljøet på Bergsøya. Han sa aldri nei når han vart beden om å showe litt, slik som her.   Foto: Harald Thorseth

Friidretten fekk vind i segla frå midten av 1970-åra. Viktigaste grunnen var dyktige leiarar og det nye idrettsanlegget.

Nyhende

I samband med opninga vart det arrangert eit friidretsstemne der 160 unge utøvarar frå heile kommunen var med og konkurrerte.