Larsnes stiller eige seniorlag igjen!

Det er ein del år sidan Larsnes IL hadde eige seniorlag. Som kjent slo seniorlaga til Larsnes IL og Gursken IL seg saman til LGFK, og det har vore ein suksess.

Laget: Bak f.v.: Aadne Sandanger (trenar), Olav Elias Torset, Marius Hammer Gunnarstein, Vebjørn Torset, Isaac Fjørtoft Sandanger, Asgeir Grønnevik og Ivar M. Vorren. Framme f.v. Torbjørn Rekdal jr , Johannes Aarvik , Alf-Marius Grønnevik, Andreas Skoge , Elias Grønnevik, Elias Gerezgiher Aregai og Elias Torset Bowden. På bildet manglar: Geir Magne Indregård (lagleiar), Oskar Hammer Gunnarstein , Endre Strand , Nathan Silva De Aguiar og Vegard Skarmyr. Foto: LIL 

Nyhende

Men eit litt meir «breiddeprega» lag har det kanskje vore eit behov for. For eit par år sidan dukka det opp planar om eit sjuarlag i regi av LIL, og i år har laget endeleg sett dagens lys.