- Er møtet i kommunestyret lovleg innkalla?

Høgre- og Frp-toppar i Herøy ber kommuneleiinga om å avklare om det ekstraordinære møtet i kommunestyret onsdag 15. september er tillyst på lovleg vis.

Undrande: Karl-Oskar Sævik (FrP) og Tine Storøy (H) stiller seg kritiske til måten kommunestyret er innkalla til ntt møte på.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det er i samband med den betente kai-saka på Mjølstaneset at kommunen har kalla inn til ekstraordinær kommunestyremøte. Møtet er i fleire samanhengar omtala som ein "omkamp" om vedtaket om å avvente delar av kaiutbygginga på industriområdet.