Fritt ord:

11 forleda kommunestyrerepresentantar i Herøy?

Johan Moltu: Stiller spørsmål om ei stridssak som var oppe i kommunestyret, og som fekk etterspel.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Tysdag 24. august gjekk Herøy kommunestyre imot rådmannen og formannskapet sitt framlegg om å løyve meir pengar (17,5) millionar til å få gjennomføre ei utviding av austre kai, i tillegg til å legge ei ny kai mellom midtre og vestre kai på Mjølstadneset.


- Er møtet i kommunestyret lovleg innkalla?

Høgre- og Frp-toppar i Herøy ber kommuneleiinga om å avklare om det ekstraordinære møtet i kommunestyret onsdag 15. september er tillyst på lovleg vis.


Saka skapte sjølvsagt debatt slik det skal vere og då politikarane skulle stemme fekk ifylgje Vestlandsnytt, Frp og Høgre med seg Folkelista og deler av Krf for å røyste for sitt framlegg som (1) avlyser pågåande anbodskonkurranse for kai 1 og 2, (2) ber om ei sak der ein tek ei avgjersle om ein ønskjer hurtigruteanløp på Mjølstadneset og (3) at ein vurderer utbygging av kai 2 då ein etterkvart skal bygge kai 3.I alt stemde 21 for vedtaket.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og deler av Krf stemde for rådmannen og formannskapet si tilråding, som gjekk på å oppfinansiere dei to kaiene som var ute på anbod.

Det vart eit fleirtal og eit mindretal. Næringslivsaktørar på Mjølstadneset var skuffa, naturleg nok.

At det er fristande med omkamp er forståeleg. Det er det ofte når ein kjem i mindretal.

Heilt til ein godtek resultatet og ser framover. Det gjer ikkje mindretalet i denne saka.

Mindretalet krev omkamp: både kai 1 og kai 2 skal oppfinansierast no!

Kommunelova opnar for at ein tredel av kommunestyrerepresentantane kan krevje at ordføraren set ei sak på saklista. Dette punktet er tenkt som ein sikkerhetsventil for at eit fleirtal ikkje skal blokkere eit mindretal å få ei sak opp. Departementet legg til grunn at bestemmelsen må ansjåast å vere ein unntaksbestemmelse og at den er meint å ha begrensa rekkevidde.

Etter departementets syn er det ikkje intensjonen å åpne for ein alminneleg adgang til politisk omkamp etter at saka er avgjort

11 komunestyrerepresentantar i Herøy (ein tredel av kommunestyret) har no sett namnet på ei liste der dei krev at saka om toppfinansiering av kai 1 og kai 2 vert sett på sakskartet i eit nytt kommunestyremøte.

Alle 11 veit eller burde vite at punktet i kommunelova ikkje er meint for omkamp.

Kva er det som får 11 forstandige representantar til å gå til dette skritt?

Det einaste svaret eg kan sjå er at dei er forleda av nokon med særlege evner til dette.


Ekstraordinært kommunestyremøte om kai-saka

Onsdag neste veke er det kalla inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte. På sakskartet: – Kaisaka på Mjølstadneset.