Herøy kommune inviterte nærinhslivet til å diskutere samskaping:

Remøy: - Heile området kan ha ei stor, samanhengande kai

At det er vekstpotensial på Mjølstadneset - det er ein av konklusjonane ein kan trekke ut frå eit møtet på Thon Hotel Fosnavåg onsdag – der samskaping mellom kommune og næringsliv var tema.

Håvard Remøy: COO i MMC First Process meiner kaier på Mjølstadneset vil kunne skape vekst for fleire – inkludert dei sjølve som gjerne vil serve båtar der. Han ser vidare ikkje store interessekonfliktar med eit eventuelt hurtigruteanløp.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Herøy kommune var arrangør for møtet og på gjestelista stod eit førtitals deltakarar frå lokalt næringsliv, og dessutan lokale politikarar.