Jamt og tett i Leangenhallen:

Kresic briljerte då Bergsøy vann med eitt mål

Bergsøy sleit med forsvarsspelet og låg under med to mål ved pause mot NTNUI. Etter pause tok herøyværingane over, - og vann!

Lovro Kresic: Sentral både offensivt og defensivt då Bergsøy vann 27-26 i Trondheim laurdag.  Foto: Arkiv / Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Bergsøy sitt løfterike herrehandballag er denne helga på "trønderraid" og spelar to kampar på to dagar. Laurdag enda det med siger 27-26 mot NTNUI, medan det ventar ny, tøff kamp søndag mot Tiller.