Ny gåve-vri til 15-åringar frå Sparebanken Møre:

Banksjef for éin dag

Sparebanken Møre har alltid hatt tradisjon for å gi gåve til årets 15-åringar rundt konfirmasjonstida. I år let dei alle sine kundar fødde i 2006 bli «banksjef» for éin dag. Ungdommane skal få dele ut samfunnsutbytte frå banken og kan velje mellom tre veldedige organisasjonar.

Kjekt å gi ung­do­ma­ne an­svar : (F.v.) Mar­the Sævik, Tan­ja Sæt­re Leik­an­ger (Fos­na­våg-av­de­lin­ga) og Inga Da­len Slet­te­støl (larsnesavdelinga) i Sparebanken Møre mei­ner eit vik­tig as­pekt med det nye kon­sep­tet er at ein gir ung­do­ma­ne eit an­svar i høve veldedige or­ga­ni­sa­sjo­nar.   Foto: Foto: Bjørn­ar Torv­holm Sævik

Nyhende

– Tenåringane får 300 kroner kvar av banken i gåve, pluss 300 kroner frå vårt samfunnsutbytte. Dei sistnemnde pengane skal dei gje vidare til éin av tre organisasjonar; Sykehusklovene, Røde Kors – Ferie for alle, eller Mental Helse Ungdom, forklarar Inga Dalen Slettestøl frå Sparebanken Møre si av deling på Larsnes.