Vikingskip har fått vatn under kjølen etter total vøling på Slippen i Fosnavåg:

Damene ute og ror igjen

Såg du tilfeldigvis eit vikingskip på Holmefjorden laurdag? Du såg i så fall ikkje syner. Etter vedlikehald på Slippen i Fosnavåg kunne nemleg kvinneskipet Embla og hennar røynde mannskap igjen legge ut på nye eventyr.

Fyrste rotur på 3 år: Laurdag var denne gjengen ute på sin fyrste rotur med kvinneskipet Embla, etter mykje dugnadsarbeid med å få båten vøla.- All bekymring og slit var med eitt gløymd, vi fekk løn for strevet. Det er godt å vite at vi klarte det, seier leiar Hildur Lid Hole (bake til venstre, med gul caps). Foto: Marianne Herje 

Vi har brukt tallause timar på jobben, og alt er gjort på dugnad.

Hildur Lid Hole
Nyhende

– Det var den første roturen på over tre år. Sist var den 28. juli i 2018 på Bjørkedalsvatnet, seier Hildur Lid Hole, leiar for stiftinga «Embla ro for fred» til Vestlandsnytt.