Innsendt

Biljard-Jonas med sterk innsats i NM

Sist helg deltok Jonas Kvalsund Hansen og Jan Ove Kvalsund Hansen på NM i open klasse i Oslo. 

Jonas Kvalsund Hansen: Sterk innsats i NM, og fin klatring på rankinglista.  Foto: HBK

Nyhende

Dei starta turneringa fredag med kvar sin siger og gjekk direkte til vinnarkvalik, der Jonas vann overlegent 7-2 og var klar for sluttspel.

Neste kamp vart jamnare, men også denne gjekk han sigrande ifrå med stillinga 8-5. Han var dermed klar for siste 16.

Jonas spelte svært godt gjennom heile turneringa og i kampen om kvartfinale var han heilt på høgde med motstandar, Ronny Oldervik frå Trondheim, som ligg som nummer tre på noregsratingen. På stillinga 7-7 såg det ut som det skulle gå rette vegen for Jonas, men med berre tre kuler att, kom det dessverre eit uheldig forløp som gjorde at det vart Oldervik som trakk det lengste strået og vann 8-7.

Medan Jan Ove enda opp på ein 33. plass, vart det ein fin 9 .plass til Jonas. Med gode resultat over lang tid har Jonas no nådd Topp 16, som er det høgaste nivået på den nye noregsratingen. Gratulerer til Jonas!


Gav alt i junior EM

Dei fire ungdommane frå Herøy tek ikkje med seg medaljar heim denne gongen, men er nøgde med innsatsen i biljard-EM for juniorar. Særleg fekk Jonas Kvalsund Hansen (18) og Robin Hauge Pettersen (13) gode plasseringar.