Tre nye smittetilfelle siste to dagane

Onsdag og torsdag denne veka er det meldt om to nye smittetilfelle i Herøy, og eitt i Sande.

Covid-19: Det er meldt om tre nye smittetilfelle i Herøy og Sande denne veka. I Vanylven har talet kome opp i 59 smitta på ei vekje. Det reelaterer seg til utbrotet ved bedrifta Hofseth AS i Syvde. 

Nyhende

I begge tilfella knyter koronasmitten seg kjende smittevegar.

Onsdag kveld klokka 21 melde Herøy kommune:

- Det er i dag meldt at to personar busette i Herøy har testa positivt for covid-19. Personane var i karantene og det er ingen nærkontaktar lokalt til desse tilfella.

Torsdag morgon melde Sande kommune om at dei kvelden før hadde fått meldt inn eitt smittetilfelle, knytt til ein person som har vore i karantene.

-Vedkomande er vaksinert med to doser, men har likevel blitt smitta. Smittekjelda er den same som dei tre siste tilfella i Sande, heiter det.

Kontroll i Vanylven (?)

Når det gjeld det store utbrotet i Vanylven, ser det ut som ein har teke til å få kontroll på situasjonen.

- Det er stadfesta eitt smittetilfelle i dag, på PCR teke i går. Det totale talet er difor 59. Det er per no ingen påvist smittespreiing ut i lokalsamfunnet, opplyste Vanylven kommune onsdag.


Massivt smitteutbrot i Syvde og Vanylven

Eit støre utbrot av covid-19 har oppstått i Vanylven siste dagane.