Eventyrleg auke for Bass Brothers:

No vert vekstbedrifta sine utvidingsplanar utvida!

Allereie før dei har fått tid til å flytte inn i sitt nye signalbygg på Mikkelhaugen må Bass Brothers AS utvide lagerplanane sine. Tala tyder på at 2021 blir deira beste år så langt, og selskapet opplever ein eventyrleg vekst.

Frode Sævik: Eigar og dagleg leiar av Bass Brothers AS i Fosnavåg, Frode Sævik, har all grunn til å smile. 2021 ligg an til å bli bedrifta sitt beste år. I 2020 omsette bedrifta for over 19 millionar. Dette passerte dei allereie i august i år, og prognosane tyder på at dei kanskje kan kome opp mot 30 millionar i år.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Det er komfortabelt og usedvanleg moro å drive bedrift slik som det er no.

Frode Sævik
Nyhende

– Allereie i utgangen av august passerte vi fjorårets omsetjing (19,1 millionar red. mrk), vårt hittil beste år. Alt tyder på at vi vil kome på over 30 millionar i omsetjing før vi skriv 2022.