– Direkte misvisande av statsforvaltaren

Statsforvaltaren bør vere tilbakehalden ved overprøving av det kommunale sjølvstyret i slike saker då det er desse som best kjenner dei lokale tilhøva.

Uegna: Desse berga er ikkje egna og blir heller ikkje nytta til fritidsaktivitetar, slår Ragnhild Nilsen og Ole-Reinhart Notø fast.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Denne oppmodinga er det Ragnhild Nilsen og Ole-Reinhart Notø som kjem med i samband med ei byggesak på Nautøya. Her prøver statsforvaltaren å få omgjort dispensasjonen dei to har fått av Herøy kommune til å utvide hytta si sør på øya.