Marin Teknikk har trua på nullutslepp i skipsfarten, men det skal tunge investeringar til:

– Må ha meir tilgjengeleg fornybar energi og infrastruktur

Marin Teknikk har designa verdas fyrste nullutslepps konteinarskip. Med det som eksempel trur dagleg leiar Svein-Rune Gjerde nullutsleppsmålet i skipsfarten er realistisk. Men ein manglar endå infrastruktur og meir tilgjengeleg fornybar energi, påpeiker han.

Svein Rune Gjerde: Dagleg leiar i Marin Teknikk kan vise til bedrifta sine eigne design for å vise at utsleppsfri skipsfart er mogleg. Men skal det verte reelt å klimanøytralisere heile den norske skipsfarten fordrar det meir tilgjengeleg fornybar energi og infrastruktur – som ikkje er der i dag – langs den norske kysten.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi høyrer ofte argumenta om at vi produserer meir enn nok fornybar energi her til lands. Det er berre tull. Skal skipsfarten bli utsleppsfri må det satsast mykje meir på utbygginga av fornybar energi i landet vårt.