Éin million til trafikktrygging er ein god start, meiner Jan Nilsen

– Desse tinga må gjerast

2. september kom meldinga om at Samferdselsutvalet har sett av 1 mill. til trafikktrygging på Myklebust. Det er ein start, meiner Jan Nilsen som er ein av dei som har jobba lenge for denne saka.

Skap­te en­ga­sje­ment: Jan Nilsen står bak «In­te­res­se­grup­pe for tra­fikk­sik­rings­til­tak på Myk­le­bust­ve­gen/Kvithaugsmyra». No tak­kar han po­li­ti­ka­ra­ne, både lo­kalt og på fyl­kes­ni­vå, og kom­mu­ne­ad­mi­nist­ra­sjo­nen for å ha sett saka på dags­or­den og så­leis skaf­fa éin mil­li­on kro­ner til tra­fikk­tryg­gings­til­tak på Myklebust. Ik­kje minst tak­kar han «van­le­ge folk» som har en­ga­sjert seg og sytt for merk­semd rundt saka. Foto: Jo­se­fi­ne Spi­ro  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Det viser seg at det er sånn politikk fungerer; her har vore gode krefter i sving i alle dei lokale partia. Så har enkeltpolitikarar teke saka opp med sine partifellar i fylket – som har teke ballen vidare. Ikkje minst har det vorte jobba hardt frå administrasjonen si side for å få dette på plass.