Mira og Marcel stanga lenge mot veggen:

Vart møtt av sjokk-krav til eigenkapital

Mira og Marcel vil byggje seg hus. Men eigne reglar for utkantar – når det gjeld finansiering – vart eit regelrett sjokk for det unge paret.

Tomta er peika ut: På idylliske Voksa har Mira Martine Gjerde og sambuaren Marcel Bolzli allereie førehandstinga seg ei fin tomt med både morgon- og kveldssol. No kan det også sjå ut til at det ordnar seg med byggelån, etter først å ha fått seg nokre store nedturar når det gjeld bankane sine krav til eigenkapital.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– For å seie det enkelt fekk vi krav om å legge på bordet 2 mill. kr om huset kostar 4 mill. Det er ikkje berre vi som er overraska. Folk vi har snakka med seier dei er sjokkerte over at det er krav om 50 prosent eigenkapital på eit nybygg, seier Marcel Bolzli.