Nytt smittetilfelle i Herøy måndag

- Det er i dag meldt at ein person busett i Herøy har testa positivt for Covid-19.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Det skriv Herøy kommune i ei pressemelding kl. 15.30 måndag.

Personen var nærkontakt til eit tidlegare meldt tilfelle, og det er ingen nye nærkontaktar som må i karantene. Smittekjelda til eit av tilfella som blei meldt laurdag er framleis ukjend etter kartlegging og smittesporing.

Kommuneoverlegen oppmodar derfor alle om å hugse på å halde seg heime og bestille ein test om ein får nyoppståtte luftvegssymptom.