Onsdag kveld:

Seks nye smitta i Herøy

Seint onsdag kveld melder Herøy kommune om seks positive testar for Covid-19. Både skular og korps råka.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

I ei pressemelding onsdag kveld melder Herøy kommune at dei har fått meldt seks positive testar for Covid-19.

- Fire av dei positive har direkte samanheng med eit pågåande utbrot i ei verksemd. I samarbeid med verksemda er det sett i verk tiltak og testing for å hindre vidare utvikling av utbrotet. Verksemda reduserer sin aktivitet og det vert gjennomført testing av alle tilsette som ikkje er smitta. Dette for å sjå om ein får brote smittevegen og for å fange opp dei som eventuelt er smitta og ikkje oppdaga enno, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Det vert gjort ny vurdering av tiltaka når testresultata ligg føre til helga.

Elev ved Ytre Herøy ungdomsskule

Ein av dei som har positiv test er elev ved Ytre Herøy ungdomsskule på 9-trinnet.

- Skulen, elevar og føresette er informert om situasjonen og kva tiltak som vert sett i verk, opplyser kommuneoverlegen.

Ordninga «Test for karantene» skal erstatte karantenesetting av elevar med testing.

- Det betyr at elevar møter ved skulen som vanleg, og det vert utført antigen-hurtigtestar på to av klassene på 9.-trinnet i morgon, laurdag og måndag, seier Aasen.


Kriseleiinga i Herøy vurderer situasjonen som eit utbrot av Covid-19 i kommunen:

- Vi er i ein krevjande situasjon

Kriseleiinga i Herøy kommune hadde møte måndag. Der vart smittesituasjonen i kommunen grundig gjennomgått, og kommunedirektør Trond Arne Aglen kallar situasjonen krevjande.


I samråd med kommuneoverlegen har YHU gått over til gult nivå så lenge denne situasjonen pågår.

Også musikkorps råka

Kvalsvik og Nerlandsøy musikkorps er påverka av dette tilfellet, og då også Nerlandsøy skule.

- Korpset si leiing, deltakarar og føresette, og skulen, er informert om dei tiltak som vert sett i verk og dei reglar som gjeld. Eg er glad for det gode samarbeidet med korpset si leiing, det har avlasta smittesporingseininga mykje, seier kommuneoverlegen.


Seinare påvist Covid-19-smitta person:

- Besøkte festivalområdet til mosjonsfestivalen laurdag

Den seinare påvist smitta personen som var innom Moltustranda mosjonsfestival besøkte festivalområdet laurdag 28. august. Men hittil ser ikkje besøket ut til å ha ført til fleire smitta.


Det siste tilfellet er knytt til innreise der den som testa positivt allereie var i innreisekarantene.

Smittevegane kjende

Kommunen melder at smittevegane er kjende og at dei er dei same som for tidlegare meldte tilfelle.

- Det er ikkje avdekka nye ukjende smittevegar i dag. Som følgje av det aukande talet på positive testar som vart rapportert i dag, og dei følgjer det har for drift både for to av kommunen sine skular og av ei stor verksemd i kommunen, er kriseleiinga i kommunen informert om situasjonen og har gitt si tilslutning til dei tiltak som vert sett i verk, seier Aasen.

Glad for vaksinasjon

Kommuneoverlegen er glad for at ein har kome langt med vaksingeringa.


Tysdag kveld:

Ny positiv test i Herøy

Tysdag kveld melder Herøy kommune at ein person busett i Herøy har testa positivt på Covid-19. I tillegg har ein deltakar på Moltustranda mosjonsfestival, busett i ei anna kommune testa positivt.


- Eg er glad for at den vaksinasjonen vi no gjennomfører med høgt tempo viser seg å ha effekt. Det er vesentlig færre som vert sett i karantene no enn tidlegare, noko som har positiv innverknad både på familiane, på borna og på verksemdene i kommunen. Det bidreg også til å redusere smittespreiinga vi har no. Det er også viktig at sjukdomsforløpet vert både mildare og kortare hjå dei vaksinerte, seier kommuneoverlegen.

Oppmodar alle om å ta vaksinen

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen kjem også med ei oppmoding mot dei som ikkje har blitt vaksinerte enno.

- Når vi no er i sluttspurten av vaksinasjonen av dei over 18 år, så vil eg oppmode alle som «har sett seg på vent» å bestille time for vaksinering. Dette gjeld særleg dei mellom 25 og 39 år som har svakast oppslutning om vaksinering både i Herøy og elles i landet. Ved å vaksinere deg vernar du deg sjølv mot alvorleg sjukdom, du vernar dei av dine som ikkje kan ta vaksinen og du vernar både barn, ungdom, arbeidslivet og fellesskapet, seier Aasen.