Torsdag:

Alle hurtigtestar negative i Herøy

Alle hurtigtestar tekne ved Ytre Herøy ungdomsskule og Nerlandsøy skule i dag var negative.

Korona , Covid-19 

Hurtigtesting: Ingen av hurtigtestane tekne i herøyskulen torsdag var positive. 

Nyhende

I ei pressemelding torsdag melder Herøy kommune at alle hurtigtestar for Covid-19 som var tekne av elevar ved YHU og Nerlandsøy skule i dag var negative.

- Det vert i samsvar med plan gjennomført nye testar den 04.09 og 06.09, opplyser kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Begge skulane kan såleis halde fram som planlagt med sine aktivitetar.

- Eg rår likevel til at ein er særleg merksam på dei gjeldande smittevernrutinane om god handhygiene, avstand, unngå større samlingar og at den som har forkjølingssymptom held seg heime.