Seinare påvist Covid-19-smitta person:

- Besøkte festivalområdet til mosjonsfestivalen laurdag

Den seinare påvist smitta personen som var innom Moltustranda mosjonsfestival besøkte festivalområdet laurdag 28. august. Men hittil ser ikkje besøket ut til å ha ført til fleire smitta.

Bjørn Martin Aasen:   Foto: Stian Langlo Driveklepp (arkiv)

Nyhende

I ei pressemelding onsdag skriv Herøy kommune at den smitta personen busett i anna kommune besøkte festivalområdet på mosjonsfestivalen på Moltustranda laurdag 28.08 på dagtid.

- Det er dessverre uråd å vite om personen var smitteførande på det aktuelle tidspunkt eller om smitten er oppstått før, under eller etter besøket på festivalen, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.


Tysdag kveld:

Ny positiv test i Herøy

Tysdag kveld melder Herøy kommune at ein person busett i Herøy har testa positivt på Covid-19. I tillegg har ein deltakar på Moltustranda mosjonsfestival, busett i ei anna kommune testa positivt.


Kommunen opplyser om at nærståande til denne personen seinare har testa negativt.

- Det er heller ikkje så langt meldt om at andre personar som har delteke på festivalen har testa positiv. Det aller vikitgaste frametter er at kvar einskild er merksame på om dei får symptom og at dei då bestiller seg test så snart råd er, seier han.

Konfirmasjonar til helga

Kommuneoverlegen ser ingen grunn til å endre planar for arrangement til helga.


Kriseleiinga i Herøy vurderer situasjonen som eit utbrot av Covid-19 i kommunen:

- Vi er i ein krevjande situasjon

Kriseleiinga i Herøy kommune hadde møte måndag. Der vart smittesituasjonen i kommunen grundig gjennomgått, og kommunedirektør Trond Arne Aglen kallar situasjonen krevjande.


- Det er fleire husstandar som skal feire m.a. konfirmasjon i helga. Det er ingen grunn til å endre desse planane no. Avstand og god handhygiene er alltid gode smitteførebyggande tiltak, avsluttar kommuneoverlegen.