Tysdag kveld:

Ny positiv test i Herøy

Tysdag kveld melder Herøy kommune at ein person busett i Herøy har testa positivt på Covid-19. I tillegg har ein deltakar på Moltustranda mosjonsfestival, busett i ei anna kommune testa positivt.

Smitteutbrotet held fram: Tysdag kveld melder Herøy kommune om at éin person er smitta i kommunen. I tillegg har ein person frå ei anna kommune som deltok på mosjonsfestival testa positivt.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Ein person busett i Herøy har i dag fått meldt positiv test for Covid-19. Dette tilfellet er avdekka som ledd i den pågåande smittesporinga og har direkte samanheng med tidlegare meldt tilfelle. Det melder Herøy kommune i ei pressemelding.

Ytterligare fire personar er sett i karantene, og desse vert testa på vanleg måte.


Fire nye har testa positivt i Herøy

Måndag ettermiddag fekk Herøy kommune melding om at fire personar har testa positivt for Covid-19.


- Eleven ved YHU som fekk påvist positiv test før helga, har i dag fått stadfesta resultatet ved ein så kalla PCR-test. Den planlagde smittesporingstestinga ved YHU i morgon tidleg vert difor gjennomført som fastsett. Resultatet av denne vil ligge føre i løpet av morgondagen, skriv kommunen.

Deltakar på Moltustranda mosjonsfestival

Smittesporingsteamet i Herøy har i dag også fått meldt at ein person busett i anna kommune og som deltok på Moltustranda mosjonsfestival, har testa positivt på Covid-19.

- Nokre nære personar gjennomfører testing i morgon. Det er uråd å kartlegge nøyaktig kva personar som deltok på festivalen som kan vere påverka av dette tilfellet, skriv kommunen.

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen kjem med ei oppmoding:

- Eg vil difor rå til at personar er oppmerksame på symptom på luftvegsinfeksjon og har lav terskel for teste seg, seier kommuneoverlegen. Eg vil og understreke at det aller viktigaste i ein slik litt usikker situasjon er å halde seg til dei grunnleggande reglane om avstand, handvask og halde seg heime samt teste seg om ein har symptom, seier han.


Kriseleiinga i Herøy vurderer situasjonen som eit utbrot av Covid-19 i kommunen:

- Vi er i ein krevjande situasjon

Kriseleiinga i Herøy kommune hadde møte måndag. Der vart smittesituasjonen i kommunen grundig gjennomgått, og kommunedirektør Trond Arne Aglen kallar situasjonen krevjande.


- Det er ein krevjande situasjon akkurat no som stiller store krav til både smittesporingsteamet og til testapparatet vårt. Men ikkje minst stiller det krav til kvar einskild av oss dersom vi skal vi klare å stoppe den pågåande smitten i kommunen, seier kommuneoverlegen til slutt.