Nok ei utsetjing:

Ny oppstartsdato for Havila Kystruten

Forseinkingar ved byggeverftet i Tyrkia fører til nok ei utsetjing for Havila Kystruten. No planlegg selskapet første rundreise frå Bergen først 1. desember.

Havila Capella: Havila Kystruten skal segle den klassiske rundreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire nye skip. Det første er Havila Capella. Oppstartsdatoen er no utsett på ny, denne gongen til desember.  Foto: Havila

Nyhende

Havila Kystruten skal segle fire av dei elleve klassiske rundreisene mellom Bergen og Kirkenes med nye skip. Desse er under bygging i Tyrkia, og har vore kraftig ramma av at koronapandemien har sett begrensningar for verksemda ved verftet. Det melder Havila i ei pressemelding.