Fire nye har testa positivt i Herøy

Måndag ettermiddag fekk Herøy kommune melding om at fire personar har testa positivt for Covid-19.

Fire nye smitta i Herøy. 

Nyhende

- Testane var tekne like før helga som del av den pågåande smittesporinga, og personane var såleis allereie sett i karantene, opplyser kommuneoverlegen i ei pressemelding.

Tre av testsvara utløyser ikkje nye personar i karantene, medan eit av testsvara medfører at ytterligare fire personar vert sett i smittekarantene i dag. Det vert gjennomført testing av disse etter vanlege prosedyrar i morgon og frametter.


Kriseleiinga i Herøy vurderer situasjonen som eit utbrot av Covid-19 i kommunen:

- Vi er i ein krevjande situasjon

Kriseleiinga i Herøy kommune hadde møte måndag. Der vart smittesituasjonen i kommunen grundig gjennomgått, og kommunedirektør Trond Arne Aglen kallar situasjonen krevjande.


Smittevegane klarlagt

- Smittevegane er klarlagt, og det ingen direkte tilknyting til skular eller barnehagar i kommunen denne gongen, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Ut frå eit føre var prinsipp har kommuneoverlegen rådd til at tilsette ved ei bedrift vert testa i morgon, på same måte som vart gjort sist veke.


Ny person smitta i Herøy stadfestar kommunen søndag

Ytterlegare ein person busett i Herøy fekk laurdag kveld melding om positiv test for covid-19. Smittevegen er kjend, og vedkomande var allereie sett i karantene. To nærkontaktar er sett i karantene, noko dei sjølve allereie hadde teke ansvar for tidlegare, opplyser kommuneoverlegen.


- Dette er eit viktig tiltak for å kartlegge ein smittesituasjon som er utfordrande for mange.