Alle elevane på 8.-trinnet har testa negativt

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

I samband med at ein elev i klasse 8A ved YHU testa positivt for covid-19 i går, vart det i dag gjennomført testing av resten av 8.-trinnet ved skulen. Alle testane i dag var negative, opplyser kommuneoverlegen laurdag ettermiddag.

Alle elevane som har fått negativt testsvar i går og i dag kan møte på skulen måndag 30.08 som planlagt.

Det vert gjennomført test 2 for heile 8.-trinn måndag 30.08 og test 3 onsdag 01.09. Testing vert gjort i klasseromet ved skulestart.

Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje møte på skulen, men bestille seg ein test ved kommunen sin teststasjon. Det gjer dei på kommunen sine heimesider. Elevar på 8.-trinnet ved YHU som ikkje har teke test i går eller i dag er pålagd karantene i ti dagar og kan såleis ikkje møte på skulen. Det vert rådd til at dei tek test ved teststasjonen måndag og fredag i komande veke, og dei bestiller time sjølve.

- Det er ein krevjande situasjon for alle elevar og tilsette i skulen, men eg er glad for det gode samarbeid vi har fått med både skulen og dei føresette, og ikkje minst elevane sjølve som viser stort ansvar for kvarandre, kommenterer kommuneoverlegen.

- Vi har så langt oversikt over smittevegar, noko som er viktig både for smittesporinga og dei tiltak vi må sette i verk for å avgrense eller stoppe smitten, avsluttar han.