Ny person smitta i Herøy - to nye i karantene

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Ein person har torsdag fått positiv test for covid-19. Personen vart sett i karantene i går som nærkontakt til ein anna person. Den vidare smittesporinga i dag har avdekka ytterlegare to nærkontaktar som er sett i karantene. Testinga av nærkontaktane held fram, opplyser kommuneoverlegen i dag.


Ny person smitta i Herøy

Ein person busett i Herøy har i dag fått positivt svar på covid-19-test, melder Herøy kommune onsdag kveld.


Fotballag testa negativt

Alle frå Bergsøy IL sitt juniorlag som testa seg i dag fekk negativ test. Dei kan difor gå på skule og delta i sine aktivitetar fram til neste test måndag 30.08.21.

- Eg vil likevel oppmode dei om å følgje dei vanlege smittevernreglane i denne perioden, spesielt gjeld det å unngå større samlingar innandørs der avstandskravet ikkje kan oppretthaldast så lett, seier kommuneoverlegen

Hugs at følgjande framleis gjeld: Hald ein meter avstand i det offentlege rom, det gjeld alle, både vaksinerte og uvaksinerte! Hald deg heime og ta ein test ved sjølv svake symptom eller mistanke om at du har vore utsett for smitte!.