Ein person smitta i Sande

Kommuneoverlegen i Sande har torsdag kveld fått melding om at ein person i Sande er stadfesta smitta. Smittekjelda er ukjend. Til no er det definert seks nærkontaktar, men dette talet kan auke utover kvelden når smittesporing er fullført.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Testing av nærkontaktar blir utført i morgon. Til saman 36 personar har fått melding om å kome til testing i morgon i samband med denne situasjonen.