Sande og Herøy startar vaksinasjon av 16- og 17-åringar

Frå denne veka vert det sett igang med vaksinasjon av 2004- og 2005-modellar i våre to kommunar.

Covid-19: Vaksinetilbodet gjeld no også for 16- og 17-åringane. 

Nyhende

Det handlar sjølvsagt om koronavaksine. Sande melde før helga gjennom ei nettsak at dei vil starte denne veka med vaksinasjon av desse to årsklassene.

No går også Herøy kommune ut og tilbyr vaksinasjon til dei to gruppene.

- Tilbodet gjeld også alle elevar ved Herøy vidaregåande skule, sjølv om dei bur i andre kommunar, heiter det i ei pressemelding frå Herøy kommune.

I begge kommunar er det elles slik at folk som av ein eller annan grunn ikkje har teke vaksine, kan ombestemme seg og få vaksine gjennom å ta kontakt med kommunen.


Kommuneoverlegen:

- Ta vaksinen - det vil kome nye smittebølger til hausten og vinteren

Kommuneoverlege Asta Sileikiene ber ungom og vaksne om å ta koronavaksine no.