Fem nye tilfelle av covid-19 i Herøy

Herøy kommune har tysdag kveld fått meldt fem nye tilfelle av covid-19, melder kommuneoverlegen. Det er gjennomført smittesporing, og testing av nærkontaktar vert gjennomført i morgon og frametter. Tre av tilfella heng saman og er knytt til testing etter innreise. 

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

To av tilfella kan sporast attende til tidlegare kjend smitte, som også er knytt til innreise frå utland etter ferieopphald, opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Dette er for så vidt beroligande at ein har klart å kartlegge smittevegen, noko som var uklart for nokre dagar sidan. Dei er sett i isolasjon, og nærkontaktar er kartlagt og vert testa, opplyser kommuneoverlegen.

Eit fotballag frå Bergsøy IL fekk i dag melding om at ein spelar på motstandarlaget hadde testa positivt etter gjennomført kamp den 23.08. Laget er ikkje definert som nærkontaktar etter gjeldande reglar, men det vert gjort ei kartlegging av laget ved antigen-hurtigtest i morgon. Laget, støtteapparat og føresette er informert gjennom Bergsøy IL.

– Den smitten vi har avdekt dei siste vekene er i hovudsak i dei yngre aldersgruppene. Eg vil nok ein gong oppmode om at ein følgjer dei vanlege smittevernreglane, at ein testar seg dersom ein har det minste symptom og at ein går i karantene mens ein ventar på testsvar, seier kommuneoverlegen.

– Eg er og glad for at vi frå måndag 30.08 kan tilby alle 16- og 17-åringar vaksine i Herøy. Det er den einaste langsiktige måten vi kan redusere risikoen for sjukdom og redusere smittespreiinga, seier kommuneoverlegen til slutt.